Invitasjon til NM i bordhockey 24. og 25. mars 2007, i Bergen.

Årets NM vert halde på Realfagsbygget i Bergen, og vert arrangert av BSI
Bordhcokey. Realfagsbygget ligg oppe på Nygårdshøyden i Allegaten 41, ti minutt frå Torgalmenningen og fem minutt frå busstasjonen.

Kart finn du her.

I spelelokala vert det kantine med mat og snacks, og tilbod om billeg middag begge dagene.

Bankett

Banketten vert på Zupperia like ved Torgalmenningen på kvelden på laurdag kl 2000. Banketten kostar 250 kr, og vil innehalda talar, sketsjar, kåringar og moro. I menyen kan ein velja mellom tre hovudrettar:

Hovudrett:
1
Urtebakt steinbit i ein kvitvin- og blåskjellsaus. Serverast med pannesteikte
grønsaker og mandelpoteter.

2
Lammecarre i misosjy (japansk saus). Serverast med pannesteikte grønsaker,
mandelpoteter og mangochutney.

3
Grilla and i raud karri, med kokosmjølk, lime og mykje anna godt. Serverast med
ris.

Dessert:
Heimelaga ostekake med appelsin + kaffi.

Påmelding

Deltakaravgifta vert 150kr pr pers, og 75 kr for rookies.

I høve NM vil det også verte laga ei NM-tskjorte. Denne sel vi for
100kr pr stk, og må leggjast ordre på i god tid før NM. Me kjøper kun
inn til dei som har lagt ved ordre.

Påmelding sendast til sohumber@gmail.com og skal innehalda fylgjande:

  • JA – eg meldar meg på NM
  • JA – eg meldar meg på banketten og vil ha fylgjande hovudrett: …….
  • JA – eg vil gjerne leggja inn ordre på den vene t-skjorta
  • JA – eg vil delta på lag-NM under fylgjande lag: …..

Då gjenstår det berre å ynskja alle hjartans velkomne til Bergen og
til ein fest av eit bordhockey-NM!

Påmeldingsfrist er onsdag 21. Mars 2007